LibreOffice 7.1 Hjelp
Verktøylinja for førehandsvising av sida vert opna når du førehandsviser eit dokument.
Gå tilbake til førre side i dokumentet. Denne funksjonen kan berre brukast når du har vald Førehandsvis side i Fil-menyen.
Gå vidare til neste side i dokumentet. Denne funksjonen kan berre brukast når du har vald Førehandsvis side i Fil-menyen.
Gå til første sida i dokumentet. Denne funksjonen kan berre brukast når du har vald Førehandsvis side i Fil-menyen.
Gå til siste sida i dokumentet. Denne funksjonen kan berre brukast når du har vald Førehandsvis side i Fil-menyen.
Vis to sider om gongen i førehandsvisinga. Oddetalssidene vert alltid viste til høgre, og partalssidene til venstre.
Vel kor mange sider som skal visast på ein gong. Trykk på pila ved sida av knappen for å velja kor mange rader og kolonnar med sider som skal visast.
Merk av for denne for å visa den første sida til høgre i førehandsvisinga for utskrift. Er denne ikkje avmerkt, vert den første sida vist til venstre i førehandsvisinga.
Viser eller gøymer menyane og verktøylinjene i Writer og Calc. Trykk på Fullskjerm eller trykk på Esc-tasten for å gå ut av fullskjerm-visinga.